Sølvtrans
Sølvtrans er det største rederiet i verda innan sitt felt. Oppgava var ein redesign for å modernisere både struktur og grafikk på deira heimeside, samtidig som vi skulle ta vare på Sølvtrans sin profil og identitet.  www.solvtrans.no…
27.02.13 09:48
RQM365
RQM365 er eit nyoppstarta rekrutering- og bemanningsbyrå som arbeider tett opp til oljemarknaden. Dei ynskte seg ny profil, og det hjalp vi dei sjølvsagt med. Nettstaden til RQM365 kan du finne her.  Hugs også å besøke dei på Facebook. …
02.01.13 15:54
CUPFINALE-LÅT HØDD
FILM Torsdag 15. november 2012 vart filmen til cupfinalelåta «Stolt på Ullevaal» av Expose to Failure lansert på Sjøborg Kino. - Ein klubb, eit lag og ein cupfinalelåt må sjølvsagt ha ein cupfinalefilm, sa ein engasjert Åge Arne Grimstad, dagleg leiar i Fantastiske Osberget. Produsenten av filmen er stolt over kva medie- og kommunikasjonsbyrået har fått til på svært kort produksjonstid. - Vi har dyktige tilsette som har kasta seg ut i det med liv og lyst «frå første spark på ballen», smiler produsenten og trekkjer fram regissør Ragnar Hatlø. Vår dyktige regissør har fått både musikantar, supporterar, politi, ordførar og heile regionen til å spele på lag og vere med på ein fantastisk film. Det er ein film som spelar på kjensler og regionen vi er så enormt stolte av, seier han. Det blei 5 - 3 siger til Hødd etter straffespark. NRK kåra låta til beste cupfinalelåt. …
09.11.12 12:00
KULTURKVARTALET
Stiftelsen Kulturkvartalet består av dei to konsoliderte musea Jugendstilsenteret og Kunstmuseet KUBE, fylkeskunstmuseet i Møre og Romsdal. Musea ligg side om side i den karakteristiske Apotekergata i Ålesund. Kunstmuseet KUBE ligg i den gamle Norges Bank - bygninga, medan Jugendstilsenteret held til i det gamle Svaneapoteket. Begge bygga vart bygde etter bybrannen i 1904. Vi har utarbeidd nytt design på nettstaden. Vi har løyst utfordringa knytt til to museum ved å gi Jugendstilsenteret grøn farge, og Kunstmuseet Kube lilla farge.   Eit utruleg spanande oppdrag og vi er stolt av samarbeidet med Kulturkvartalet - klikk her for å sjå nettstaden. Vi takkar for oppdraget! …
06.11.12 12:00
ExLevel
ExLevel er eit nystarta kurs- og konsulentfirma i Fosnavåg på søre Sunnmøre.  Vi har utarbeidd den grafiske profilen til ExLevel. For meir informasjon om denne bedrifta, besøk www.exlevel.no …
06.11.12 12:00
99X
99X er eit selskap som leverer IT-drift, infrastruktur, applikasjonsforvaltning, samt ITIL-verktøy med tilhøyrande rådgjeving og implementering. 99X kom til Osberget med eit ferdig design som vi har integrert i vår nettløysing. Vår oppgåve var å tilpasse designen for kunden til Osberget CMS. Sjå nettstaden her. Vi takkar for oppdraget! …
05.11.12 12:00
Torrfisksnadder
Torrfisksnadder er laga av førsteklasses filet frå arktisk hyse, som er tørka i moderne og kontrollerte omgjevnader. Det er eit unikt og smakfullt produkt, og vi er glade for å kunne hjelpe med designen på pakken. Innomarin AS er produsenten for dette produktet.  Vi har også laga designen på nettsidene. Innomarin har hatt stor suksess med sitt Torrfisksnadder, og vi takkar for oppdraget - www.innomarin.no …
05.11.12 12:00

Fantastiske Osberget er eit
fullverdig reklamebyrå.

Vi leverer alt innan
profilering og design.

.

Fantastiske Osberget
Postboks 168
6067 Ulsteinvik
post@osberget.no
70 00 90 80
70 00 90 90

Stolte over ODIM-Boka
Det er fire stolte gründerar som kan vise fram den splitter nye ODIM-boka. I samarbeid med design- og kommunikasjonsbyrået Fantastiske Osberget har ODIM si industrihistorie frå 1974 til 1995 blitt samla mellom to permar i ein autorisert biografi. Det er deiførste eigarane av bedrifta som har teke initiativ til å få skrive den første historia, og berre framtida vil vise om den resterande historia vil bli samla i ei bok. Inge Dragsund, broren Audun Dragsund, Magne Gjerdsbakk og Olav Molvær var dei første eigarane av ODIM. I desse dagar kan dei presentere rykande ferske eksemplar av ei bok som fortel om industrieventyret. Design- og kommunikasjonsbyrået Fantastiske Osberget gir ut boka på eige forlag. Pål Myvold frå Stavanger og med bakgrunn i ei rekke kommunikasjonsbyrå er forfattar. Boka kan kjøpast på Eiken Libris i Ulsteinvik eller tingast på heimesida til Fantastiske Osberget www.osberget.no. Vår tid – Vi gir ut ei bok som fortel historia om vår tid i ODIM, seier Inge Dragsund. Eigaren og den første administrerande direktøren i bedrifta fortel at dei har hatt ei bok i tankane lenge. Dragsund og dei tidlegare eigarane fortel historia om dei viktigaste hendingane i bedrifta fram til 1995, då ODIM vart selt til nye eigarar. Det var avdelingsleiarane i bedrifta som tok over etter det rutinerte firkløveret. Desse var Jogeir Romestrand, Oddbjørn Hjelle, Torbjørn Hovden og Eldar Eilertsen. Priviligerte - Vi er priviligerte og synest det var ei ære å bli spurde om å gi ut boka, seier Åge Arne Grimstad, dagleg leiar i Fantastiske Osberget. Han er imponert over den suksessrike historia til ODIM og fortel at han harfått innblikk i ei historie om fire fantastiske karar og kulturen mellom dei. - Dei er alle saman som ikon å rekne i Ulsteinvik. Flotte heidersfolk som har skaffe folk gode jobbar gjennom årtier, påpeikar Grimstad, som meinar at firkløveret som dreiv ODIM i denne tidsepoken er bedriftsleiarar til etterfølging.…
12.06.13 11:05

BROSJYRA ER UTE
Årets utgåve av Kapp det gode liv-brosjyra er no kome ut! Kapp det gode liv er eit reiselivskonsept og vi har på nytt invitert reiselivsaktørar og kommunar i dei elleve kommunane sør og nord om Vestkapp til å blir med og presentere seg. Konseptet synleggjer små, nære og ekte opplevingar i ytre Nordfjord og på søre Sunnmøre. Gjennom å vere gjestfrie, stolte og entusiastiske skal Kapp det gode liv by på unike opplevingar for våre besøkande. -Det er mange turistmål i dette området, og vi håpar brosjyren vil hjelpe både lokalbefolkning og tilreisande til å få vite om alle dei utruleg flotte plassane og tilboda, seier marknadsansvarleg Desiré Gugelmann hos Fantastiske Osberget. Brosjyren vil bli å finne på turistkontor og hos alle aktører som er representert i årets Kapp det gode liv. Den kan også lesast på nettsida www.kappdetgodeliv.no. Det er Fantastiske Osberget frå Ulsteinvik som står bak konseptutvikling, og det er tredje året på rad brosjyren kjem ut. -Vi jobbar kontinuerlig med vidareutvikling av konseptet, og held nettstad og facebookside oppdatert. Målet er å skape vekst i det lokale næringslivet som let oss oppleve «dei unike dråpane i vest». Arbeidet med Kapp det gode liv 2014 er alt starta opp, seier redaktør og prosjektansvarleg Magne Grimstad jr.…
06.06.13 13:47
RALLY-LOGO
Fantastiske Osberget har laga logo til ein norsk bil som skal delta på Mongol Rally 2013. Rallyet er eit veldedigheits-prosjekt som startar i Tsjekkia 16 juli 2013, og skal ende opp i Mongolias hovudstad om lag ni veker seinare, der bilen vert donert vekk. For den som fylgje med på rallyet vil det bli sendt på NRK, og her er linken til teamet: https://www.facebook.com/theratpack13?fref=ts Vi takkar for oppdraget, og ynskjer teamet " The Rat Pack" beståande av tre eventyrlystne studentar lykke til på vegen!…
06.05.13 16:11